Frøyland Idrettslag blei stifta i 1931. Den gongen var namnet Kverneland Arbeidernes Idrettsforening. Initiativtakar var svenske Leonard Wahlberg. Han kom frå Sverige tidleg på 20-talet, og arbeidde først som dreng på Jæren. Seinare vart han tilsett på Kverneland fabrikk, gifta seg og stifta familie. Saman med ein gjeng idrettsinteresserte andre unge menn, starta han opp idrettslaget. I 1939 blei namnet endra til Frøyland Idrettslag.
Idrettar
Ved oppstarten var det først og fremst boksing som sto i sentrum, men etter kvart blei det vist engasjement over eit breitt spekter av aktivitetar. Sykling, turn og friidrett blei raskt innlemma i idrettslaget, men også vinteridrettar som skøyteløp, bandy og langrenn har sett sitt preg på idrettshistoria til Frøyland. Etter kvart som fotballen kom inn i idrettslaget, er det den som har stått sterkast. Nokre idrettar har forsvunne og andre har kome til. I dag driv Frøyland IL med barneidrett, fotball, handball, innebandy, friidrett, turn og orientering.
Grønt gras
1988 såg fotballturneringa Grønt gras dagens lys. Denne har vakse til å bli Norges største miniputt-turnering med 600 lag og 4000 spelarar, og har verkeleg sett Frøyland på kartet. Grønt gras samlar bygda til dugnad, er eit flaggskip for idrettslaget og sjølve symbolet på trivsel.
Anlegg
Stemmen og Tegletjørna blei brukte som skøytebanar. Det blei arrangert symjekonkurransar i Frøylandsvatnet og gått skirenn på kjelvene i bygda. Idrettsbanen blei opna i 1948.
Garderobebygg blei reist i 1971 og fullført som klubbhus i 1978. I 1977 blei ein 380 meters løpebane opna.
I 1980 blei treningsbanen for klar. Dei første åra blei det mykje fisking med hov etter ballar i elva, og derfor blei det bygd eit høgt gjerde allereie året etterpå. Speakerbua sto ferdig i 1984. Tankane om eigen idrettshall begynte for alvor tidleg på 80-talet, men på grunn av mange skjær i sjøen såg Frøyhallen først dagens lys i 1996. I 1997 vart parkeringsplassen utanfor idrettshallen asfaltert, og grusbanen ferdigstilt med flomlys. Eit par år etter fekk tribunen tak. I 2005 blei det bygd fotballbinge på 36×18 meter med kunstgras og lys. I 2007 blei det lagt kunstgras på treningsbanen og sett opp flomlys. I 2014 blei det sett opp flomlys og lagt 30×100 meter kunstgras på treningsfeltet ved sida av kustgrasbanen. I 2018 blei det bygd delanlegg for friidrett med kastfelt. I tillegg blei det sett opp flomlys rundt hovudbanen. I 2020 blei kunstgrasbanen oppgradert med nytt dekke som eit miljøtiltak knytta til granulathandtering. Det blei også bygd garasje i 2020. I tillegg fekk klubben sitt første orienteringskart, eit sprintkart over sentrumsområdet frå stadion til Stemmen.
Frøyland IL disponerer i dag det største privateigde idrettsanlegget i kommunen.
Sjela til Frøyland IL
Allereie frå starten av stod trivsel og sosialt samvær sterkare enn sportslege ambisjonar. Dette har resultert i visjonen «Trivsel foran alt.»
Frøyland IL er elles kjende for det praktfulle anlegget, satsinga på breddeidrett og Grønt gras. Idrettslaget har hatt god orden på økonomi, og aldri satsa over evne. Dugnadsanda står sterkt og idrettslaget har jobba systematisk både sportsleg og anleggsmessig.
Stjerner med bakgrunn i Frøyland
Nils Ove Hellvik
- Fotballspelar i Frøyland IL
- Sentral fotballspelar i både Bryne og Viking.
- Tre landlagskampar for G16.
- 15 landslagskampar for G19
- 19 landslagskampar for U21.
- 5 kamparA-landslaget.
Jens Storhaug
- Dreiv med friidrett i Frøyland til han var 18 år.
- Tok tre individuelle sølvmedaljar og to individuelle bronsemedaljar i NM
- Tok ni NM-gull og 9 NM-sølv i stafett
Ragnvald Soma
- Spelte fotball for Frøyland til han meldte overgang til Bryne som gutespelar.
- Har spelt for Bryne, West Ham, Brann, Viking, Rapid Wien, FC Nordsjælland, Lyngby og Førde
- Tok cupgull med Brann
- 23 landskampar for U21
- 5 kampar for A-landslaget
- Avslutta karrieren i Frøyland
Jørgen Mikkelsen
- Spelte både fotball og dreiv med friidrett i Frøyland
- Valde innebandy som sin idrett og spelte for Kverneland IBK.
- Fekk 17 landskampar og var med på å vinna VM-bronse i 1996.
Eirin Kleppa Undheim
- Spelte fotball for Frøyland til ho meldte overgang til Klepp som 15-åring.
- Har spelt for Klepp Kvinner Elite, Florida State University, Kolbotn, Snøgg og Bryne.
- 6 landslagskampar for J15
- 13 landslagskampar for J16
Marius Lode
- Spelte fotball for Frøyland til han meldte overgang til Bryne som junior.
- Har spelt i Bryne og Bodø-Glimt.
- Tok seriesølv med Bodø-Glimt i 2019 og seriegull med Bodø-Glimt i 2020.
- 1 landslagskamp for U21
Kjelde: Jubileumsboka «Frå knockout til Grønt gras – Frøyland IL 70 år» av Henning Ødegaard.