• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
Frøyland Idrettslag

Frøyland Idrettslag

Trivsel foran alt

  • Om klubben
    • Kontakt oss
    • Organisasjon
    • Medlemsskap
    • Anlegget
    • Historie
    • Si ifra
    • Visjon og verdier
    • Politiattest
    • Logo
  • Idretter
    • Bli med
    • Allidrett
    • Friidrett
      • Friidrett
      • Klubbrekorder
    • Fotball
      • Barne- og ungdomsfotball
      • A-laget
      • Frøyland Talent – FFO
      • Adelskalender
    • Håndball
    • Innebandy
    • Orientering
      • Trening, kurs og konkurranse
      • Orienteringskart
    • Turn
    • Treningstider
  • Grønt Gras
  • Utleie
  • FIL i Fokus
  • Sponsor og støtte
    • Vil du sponse oss?
    • Grasrotandelen
  • Show Search
Hide Search
Du er her:Hjem / Idretter / Orientering

Orientering

Orienteringsgruppa er ein gjeng med unge vaksne som trener saman, treffest på orienteringsløp og arrangerer løp til glede for oss sjølv og andre. Målet vårt er å skapa eit godt miljø med idrettsglede og gode opplevingar i naturen.

Bli med på trening

Me har ingen faste orienteringstreningar, men spring intervallar kvar måndag klokka 19.30. Dette er ei rein kondisjonsøkt, og du treng ikkje kart eller kompass for å vera med. Treninga passar for alle uansett alder og form. Møt ferdig oppvarma. Opplegget varierer litt frå gong til gong, men økta varer cirka ein halvtime.

Treningsopplegg og påmelding:
Me sender ut informasjon om treningane og ulike arrangement gjennom appen Spond. På grunn av smittesporing er det viktig at du melder deg på om du kjem. Dette gjer du også i Spond. Søk opp Frøyland kondis i appen.

  • Frøyland kondis: Gruppekode ZHTBY

Les mer her om korleis grupper i Spond fungerer.

Bli med på o-løp

O-festivalen i Larvik.

Det blir arrangert mange orienteringsløp i distriktet. Terminliste og informasjon om påmelding finn du på Eventor.no. Det er heilt vanleg å delta på løp utan å ha prøvd orientering før. Det finst både lette og vanskelege løyper, og som nybegynnar kan du få hjelp av arrangøren til å koma i gang. Du kan også få låna utstyr ved start.

Ønsker du å springa for Frøyland IL? Meld deg inn i idrettslaget.

Kurs i kart og kompass

Om du ønsker litt rettleiing og kursing før du deltek i løp, kan me hjelpa deg i gang. Ta kontakt, så sett me opp eit kurs, eller hjelper deg med det du treng.

ta kontakt

Frøyland idrettslag har nulltoleranse når det gjelder mobbing og trakassering. Si i fra

Frøyland Idrettslag

Copyright © 2023 Frøyland Idrettslag

  • post@froylandil.no
  • Trivsel foran alt
  • Personvernerklæring