![](https://froylandil.no/wp-content/uploads/2020/11/Skjermbilde-2020-11-22-kl.-22.12.45.png)
Frøyland IL vil skapa gode opplevingar med kart og kompass. Derfor ønsker me å hjelpa til med å gi deg gode kart over nærområdet vårt. Me eig sjølv kart over sentrum. Dette er eit nytt og flott kart for sprintorientering. Kartet er godt egna for orientering i skulen, så bruk det gjerne. Du finn det i pdf-format her:
Dersom du ønsker kart over Kalbergskogen, Kalbergloen, Brekkenuten eller Stutafjell er det Ganddal IL som eig dette kartet. Du finn desse og fleire orienteringskart i distriktet på nettsida til Ganddal IL.
Klepp IL har kart over Njåskogen og Njåfjell. Desse ligg ikkje på nett, men det går an å ta kontakt med Klepp IL for å få tak i karta.