Intervalltrening med Frøyland orientering

Intervalltreninga passar for alle uansett alder og form. Møt opp ved Orstad BMX-bane mandagar klokka 19.30. Me varmar opp med 10-15 minutt roleg jogging/litt høge kneløft og eit par stigningsløp i retning Gunnarsberget. Deretter køyrer me intervallar og samlar feltet i pausane slik at ingen Ispring åleine. Me snur halvvegs slik at me kjem tilbake der me starta når økta er ferdig. Opplegget varierer litt frå gong til gong, men økta varer cirka ein time med oppvarming og nedjogging.

Program for vinteren 2019:
• 7.januar: 6×3 med 1 minutt pause
• 14. januar: 4×4 med 2 minutt pause
• 21. januar: 3-2-1-3-2-1-3-2-1 med 1 minutt pause
• 28.januar: 8×3 med 1 minutt pause
• 4. februar: 9×2 med 1 minutt pause
• 11. feburar: 6×3 med 1 minutt pause
• 18. februar: 4×4 med 2 minutt pause
• 25. februar: 3-2-1-3-2-1-3-2-1 med 1 minutt pause
• 4. mars: 8×3 med 1 minutt pause
• 11. mars: 9×2 med 1 minutt pause
• 18. mars: 6×3 med 1 minutt pause
• 25. mars: 4×4 med 2 minutt pause
• 1. april: 3-2-1-3-2-1-3-2-1 med 1 minutt pause
• 8. april: 8×3 med 1 minutt pause

Meny