Orienterings-treninger høsten 2018

Klar for aktive kveldar ute i mørket?

Me har laga eit treningsopplegg for hausten som er todelt:
• Intervalltreningar annankvar måndag.
• Treningstur med hodelykt annankvar tysdag

—–

Intervalltrening
Annankvar måndag blir det intervalltrening langs Frøylandsvatnet. Oppmøte klokka 20.00 ved Orstad BMX-bane. Me varmar opp med 10-15 min. jogging før me køyrer intervalltrening mot Gunnarsberget og tilbake. Opplegget varierer frå gong til gong.
• 15. okt: 6 drag a 3 min med 2 min aktiv pause mellom
• 29. okt: 4 x 4 intervall med 3 min pause mellom
• 12. nov: Pyramideintervall: 1-2-3-1-2-3-1-2-3 med 1 min pause mellom
26. nov: 4 x 4 intervall med 3 min pause mellom
10. des: 6 drag a 3 min med 2 min aktiv pause mellom

—–

Treningstur med hodelykt
Me legg opp til turar i tererrenget annankvar tysdag i dei flotte turområda rundt Frøyland. Turane varierer frå 6-12 kilometer. Me spring i utgangspunktet saman, men kan dela oss i to grupper om nivåforskjellane er store  Det blir lagt opp til ulike strekk på turane med fri fart slik at alle kan få utbytte av turen uansett nivå. Oppmøte er alltid klokka 20.00, men stad varierer.

• 23. okt: Kalbergskogen-Sandskallen
Oppmøte: Parkeringsplassen ved Kvernaland omsorgssenter
• 6. nov: Foss-Eikeland-Bogafjell-Stokkelandsvatnet
Oppmøte: Parkeringsplassen bak Sandnes Garn
• 20 nov: TKS-Ulvatjørn
Oppmøte: Parkeringsplassen ved TKS
• 4. desember: Stemmen-Mosvatnet
Oppmøte: Parkeringsplassen ved Kvernaland omsorgssenter
• 18. desember: Kalbergskogen-Stutafjell-Brekkenuten
Oppmøte: Parkeringsplassen ved Kvernaland omsorgssenter
—-

I tillegg kjem me til å ha trening med kart og kompass to sundagar før jul.

• 14. okt: Joggetur med kart Brekkenuten-Kalbergloen
• 25. oktober: Orienteringstrening i Kalbergloen

Meir info kjem før kvar trening, men sett av datoane og meld deg gjerne inn i gruppa vår på Spond. Her får du varsel om treningane:

Lenke: https://group.spond.com/ZHTBY

Meny